Jun 27, 2009

yo

Grizzly bear - While you wait for the others.mp3
http://gunnhild-jordarundt.blogspot.com

May 8, 2007

Machu Picchu del 2

DAG 2
Den tyngste dagen. Vi hadde heile 1200 m stigning, fraa 3000 moh til 4200 moh og ned att til 3600 moh. Ny frase: "Bloody Incas, bloody steps" Det er eit faktum at det er mykje meir slitsomt aa gaa i trapper enn aa berre gaa i ein oppoverbakke. Kokablada kom godt ned, vi har alle togge iherdig. Sliiiitsomt, men ei desto herlegare kjensle aa naa toppen! Daa vi kom fram til campen hadde eg hovudverk (noko eg aldri pleier aa ha) og Marie 39 i feber. Heldigvis vart vi begge friske att for neste vandring!



ein glad gjeng - Leon, Ray, Kjartan, Phil, Vivian og Jim

Dei driv med vardar i Peru ogsaa. Lokal variant; legg eit kokablad nederst og onsk deg noko.


Kjartan, meg og Marie paa 4200 moh


utsikt fraa teltet til meg og Marie. Om natta var det kaldt, paa med lamasokkane!!


Maten var heilt fantastisk, og vi fekk mykje av den. I motsetning til andre organiserte turar var eg aldri svolten (naermast: Marie, Vivian og Julia)

DAg 3
Mest nedover (ojojoj, saa vi kjenne det i leggane!), men den lengste dagsmarsjen. 16 km mot henholdsvis 10 og 12 dei to forste dagane. Til gjengjeld fekk vi varm dusj naar vi kom ned, etterlengta!! Etter middag og en ol vart det leggings (sidan det vert morkt saa tidleg og vi er saa slitne la vi oss ca 21 kvar kveld!) - opp kl.4 siste dag for aa faa med oss soloppgongen i Machu Picchu og vere dei forste paa aastaden :)

Ozzi pratar engasjert om inkafolket og peikar paa diverse "inca structures"

div "inca structures" :) Runde bygningar = religiose bygningar (ja, eg folger med i timen!)

HOVUDATTRAKSJONEN - MACHU PICCHU

Det saag morkt ut i byrjinga. Blei dette vaart lenge etterlengta bilete av heilagdomen?!?..






...heldigvis letta taaka og vi fekk tatt ca 50 versjonar av dette :) Eg held ein knapp paa Michael sine blinkskot.

Eg er imponert over dreneringssystemet til inkaane! (det er 16 fontener i Machu Picchu) Dette er deira alternativ til aa legge vatn i ror.


Soltempelet

Marie har eit spesielt lag med lamaene :p

Lamaen - vaart nye yndlingsdyr <3

Machu Picchu del 1

For vi forlot Noreg meldte vi oss paa ein gruppetur til Machu Picchu. Sidan vi er “trekkers, not tourists”, som vaar guide kallar det, og fjellglade nordmenn meldte vi oss paa fire dagars turen langs inkastien til Machu Picchu, istadenfor aa ta toget, som dei saakalla turistane gjer. Vi var veldig spente paa forehand ettersom vi aldri har vore saa hogt oppe og det er fare for hogdesjuke. I tillegg har det vore labert med trening i det siste, saa vi lurte paa kor hardt det kom til aa bli.

Hardt vart det, men ogsaa ei fantastisk oppleving! Svetten rann og pusten gjekk, men belonninga var utruleg landskap og godt selskap. Vi var ei gruppe paa 15 og vart i byrjinga litt “skuffa” fordi vi var berre 6 “unge” (under 30, sorry De som er over :p), men alder har verkeleg ingenting aa sei naar ein reiser. Vi kom alle godt overeins og hadde ein knalltur.

Sidan vi har teke ekstremt mange bilete tilsaman, blir det ogsaa ein del bilete her, det er saa vanskeleg aa velge vekk!

DELTAKARANE PAA DEN FANTASTISKE G.A.P-GRUPPA:

John fraa Chicago. Hadde ogsaa med seg kona Ruth som eg diverre ikkje har bilete av her.

Dei tre karane fraa NY - Leon, Ray og Jim

Phil og Natalie fraa England.


Natlie (igjen) og Vivian fraa Canada

Bonnie og Michael fraa Chicago. Michael er utdanna fotograf og draksa rundt paa kilovis med utstyr. Han skal maile bileta til heile gjengen naar han kjem heim - takk Michael!!

Jeff og Julia fraa Canada, paa ti aars bryllupsreise. Diverre har eg ikkje bilete av dei her.


Dei supre guidane vaare, Ozzi og Victor


og dei tre jordomreisande, Marie, meg og Kjartan. Kjartan er eit saers vanskeleg namn aa uttale for folk av utanlandsk opprinnelse, saa han fekk namnet Tor (som i han med hammaren) - dette vart vikinginteresserte Kjartan svaert glad for :) Eg derimot, blir berre kalla Gruneld o.l....

DAG 1
Dag 1 er den lettaste. "A walk in the park" kallar Ozzi det. Vi gjekk fraa 2700 moh til 3000 moh der campen laag.

Baererane gjer seg klare. Dei baerer bagane og soveposane vaare + mat og div. Dei er heilt utrulege, smaajoggar oppover i gummisandalar med fleire titalskilo i store sekkar paa ryggen!

Heile G.A.P-gjengen ved km82, som er der inkastien startar.


Campliv. Phil, Ray, Jeff og Kjartan kosar seg med ol etter dagens trim.

Apr 30, 2007

Yo maaan!

Treng ikkje saa mange ord for aa skildre veka vaar paa Caye Caulker, ei karibisk oy i Belize: Paradis og avslappande. Skriv under bileta seinare (og sorry for at nokon ikkje er snudd), det her har tatt for laaang tid :/

Heilt ok stad aa lese ei bok :)

Eg for eg joinar...

...the reef sharks :p




Tinas backpackers hostel - perfect location!
Paa Caye Caulker gaar alt rolig for seg og golfbilar er normalen

Tony, som var paa Tinas like lenge som oss

Amy som jobbar paa Tinas, superkoseleg!

Kjartan

Eg solar meg ved "the split", oyas badeplass

Vaar venn Gilbert med lisensen sin. "With this, I can buy Everything and sell Everything!" To syklar hadde han og! :D

nattbading i "the split". Det byrja aa regne og blaase og vi vart saa kalde at vi maatte syke ly i det varme vatnet :)

Viktig bodskap idet ein kjem til oya!